TYSNESPAKKEN

DRAUMEN OM LIVET PÅ LANDET KAN VERA NÆRARE ENN DU TRUR. PÅ TYSNES HAR GODE KREFTER GÅTT SAMAN FOR Å GJE NYE TILFLYTTARAR EI GÅVE AV DEI HEILT SJELDNE, NEMLEG TYSNESPAKKEN.

Me er i dag 2.800 godlyndte innbyggjarar i Tysnes, men har plass til fleire.
Vaksne og ungar. Gründarar, småbrukarar, lærarar, sjukepleiarar, oljearbeidarar.
Alle er velkomne. Med Tysnespakken får du ein god start på ein fantastisk plass.

Bustadlån med 1 % under den vanlege marknadsrenta, tilrettelagd utsikts-tomt med 100.000 kr. i rabatt og halv pris på straum og fiberbreiband. Gratis lokalavis i eit halvt år og 50.000 kr. i rabatt på kjøkkeninnredning.

TYSNESPAKKEN INNEHELD:

Tysnes Sparebank gjev 1 % under den vanlege marknads-renta i eitt år.

Tysnes Kraftlag gjev 1/2 pris på straum i eitt år og gratis medlemskap til kundar under 40 år.

Andersland Bygg AS
gjev 50.000 kr. i rabatt
på kjøkkeninnredning
frå Studio Sigdal

Tysnes Kommune gjev inntil 100.000 kr. i avslag
på tilrettelagde, byggje-
klare kommunale tomter

Tysnes Breiband gjev kundar under
40 år fiberbreiband 35Mbit/sek til 1/2 pris i eitt år.

Av lokalavisa «Tysnes» får du gratis abonnement
i eit halvt år

Det er sjølvsagt mogleg å nytta nokre av tilboda i Tysnespakken.

TYSNES

DEN VAKRE ØYA SØR I BJØRNEFJORDEN ER KANSKJE MEST KJENT SOM HEIMSTAD
FOR EIN AV VESTLANDETS STØRSTE FESTIVALER. HER ER TYSNESFILMEN.

Laget av DOT Films. Regissert av Marcus Valeur. Produsent: Endre Boland. Grading: Håvard Småvik. Idé og konsept av Patrick Madsen

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes - ein sentralt plassert
øykommune sør for Bergen – 50 minutt frå Sandsli/Kokstad og 20 minutt
frå Stord. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utenfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!

 

SLIK KJEM DU TIL TYSNES:

• Ferje frå Halhjem i Os (reisetid 35 min. – reisetid til Flesland 1 time

• Tysnes er knytt til fastlandet med bru over Lukksund til Fusa
   – cirka 1,5 time frå Flesland

• Ferje frå Stord – 10 minutt

• Ferje frå Huglo – 10 minutt

• Snøggbåt Bergen-Flesland-Malkenes

• Snøggbåt Os-Reksteren-Våge

PÅ TYSNES FINN DU MELLOM ANNA:

• Eit aukande antall bedrifter og arbeidsplasser

• Kring 10.000 innbyggjarar sommarhalvåret og 2.800 vinterhalvåret

• Du finn det du treng av gode matbutikkar, kortreist mat og fine lokale

   restauranter

• Kommunale og private tomteareal

• Flotte friluftsareal med flotte toppturar til ulike fjell

• Aktivt lokalmiljø med fleire idrettsanlegg

• Mange aktive lag og organisasjonar – blant dei eit musikklag
   i noregstoppen

• Tysnesfest i juli kvart år, med over 25.000 besøkande.

KONTAKT

Vil du veta meir?

Me svarar på spørsmål om Tysnespakken. Skriv inn telefonnummeret ditt, så tek me kontakt så snart som mogleg.

Submitting Form...

The server encountered an error.

Melding motteke